Opptak fra 06. mai 2021

Sæveruds Peer Gynt

Henrik Ibsen sitt djupe og evige drama og Sæveruds musikk møter Jon Fosse sitt presise og skarpe språk i denne nynorske omsettinga av Peer Gynt.

Spilt inn i Grieghallen torsdag 6. mai 2021
Arrangert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret

 

Sæverud sa først nei då han i 1947 vart spurd om å skrive ny musikk til Peer Gynt for Det Norske Teatret, men takka til slutt ja. Medan musikken til Grieg var romantisk og stemningsfull, mangla satiren, viddet og ironien. Sæverud si tolking var meir spontan, rå og vilter.

 

Dirigent Ingar Bergby, har gjestedirigert orkesteret fleire gonger og var i perioden 2003 til 2008 ansvarleg for orkesteret sitt norske og nordiske repertoar. Bergby var elev av Karsten Andersen, sjefdirigent for Harmonien frå 1964 til 1985, som frå 1960-tallet var den fremste tolkaren av Sæverud sin musikk, ofte med komponisten sjølv som ivrig tilhøyrar på første benk.

 

Henrik Ibsen sitt djupe og evige drama og Sæveruds musikk møter Jon Fosse sitt presise og skarpe språk i denne nynorske omsettinga av Peer Gynt.

 

«Under arbeidet med desse små smakebitane frå Henrik Ibsens dramatiske dikt Peer Gynt, er det ein tanke som fleire gonger har slått meg. Nemleg at Jon Fosse si nynorsk gjendikting gjer bortimot det same som Harald Sæverud sin musikk gjer. Den avromantiserer utan å forringe, byd på mothaker og gjer at eg oppdagar situasjonane på nytt og som opnar for større forståing for dette massive og viktige verket», seier regissør Bjarte Hjelmeland.